Musikkstund

Kvardagen i Vibå er prega av rytme. For barn som ikkje har tidsbegrep er faste rytmer viktig.  Me har dagleg musikkstund oppe i stua. Barna får spele fritt på ulike instrumenter som små rytmeinstrumenter, djember, klokkespel, gitar, ukulele, fiolin, flygel, ulike messing-blåseinstrument, ocarin, blokkfløyte, boomwhackers m.m. Dei speler samen med dei voksne som synge og spele på ulike instrumenter. Flygelet brukes mykje i samspelet. Nede i barnehagen har me elektrisk slagverk og el-piano som barna og kan spele på. I tillegg til å spele på ulike instrumenter fokuseres det på song, regler og ringleiker. I ringleiker styrkes sosial kompetanse. I perioder øver me på teateroppsettingar. Kvar vår lager me ei stor framføring kor me inviterer andre barnehager og 1. klasse på Engelsvoll.

Tjønnvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Norway

©2018 by Vibå Musikk familiebarnehage. Proudly created with Wix.com