Inne og uteleik

I Vibå Musikkbarnehage er det rom for mykje leik både inne og ute. Barna lærer gjennom etterlikning, gjennom å sjå kva andre større barn og voksne gjer. Er me voksne positive rollemodeller, vert dei største barna og flotte forbilder for dei minste. Me lar barna ta del i kvardagslege naturlege handlingar. I neste omgang brukes dette som insirasjonskilde til leiken. Me er ute kvar dag uansett ver. Me bruker dagleg den store lekeplassen ved barnehagen som inneholder klatrestativ, rutsjebane, disser, karusell, sandkasse, klatretre, fotballbane og bakke til å rulle, springe og ake om vinteren. I perioder er det mykje vatn i dammen på leikeplassen. Dette året har me kjøpt ein kajakk som barna kan padle i ved anledning. Me har ein koseleg hage med leikehytte og me bruker og uteområdet foran huset med sykler, traktorer og anna leikeutstyr. Barna leiker mykje fritt om ettermiddagen. Dei bearbeider dagens inntrykk. Barna lærer gjennom leik, dei tar inn ubevisst alt som skjer i deira omgjevnader, og omsetter det til eigen kreativ leik.  Dei får styrka deira sosiale kompetanse som er veldig viktig for ein god overgang til skulen.

Tjønnvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Norway

©2018 by Vibå Musikk familiebarnehage. Proudly created with Wix.com

Mulig forside.JPG