
Om barnehagen
Musikk, teater og friluft
Vibå Musikk familiebarnehage har i dag 15 barn frå 1 til 6 år.
Siden oppstarten i 2002 har me vektlagt musikk, teater, lek, kreativitet og friluftsliv. Ved siden av barnehagens lokaler er det eit stort friområde som brukes dagleg. Vibå Musikkbarnehage drives i ein privat heim, med heimekoseleg og triveleg atmosfære.
Informasjon
Søknadsfrist til barnehageopptak
Vibå Musikk familiebarnehage er med i Klepp kommune sitt samordna opptak.
Åpningstider
Barnehagen åpner 07.15 og stenger 16:00 hver dag.
Vedtekter 2020
Her kan du laste ned vedtektene som pdf-dokument:
5. januar, 2018
Vibå Musikk familiebarnehage kom ut som beste barnehage i Klepp i foreldreundersøkinga!

Personalet

Hilde Nysted
Styrer
Etter å ha fullført barnehagelærerutdanninga i 1991 var Hilde med på å starte Lanternen barnehage i Stavanger. Ho var seinare medeigar og drifta Sandal Magna kunstpensjonat på Jelsa. Hilde har og jobba i både skule og kulturskule.
I 2002 grunnla ho Vibå Musikk familiebarnehage på Klepp stasjon. Hilde syng i kor, speler i band, dansar og trakterer ulike instrumenter som for eksempel piano, fiolin, kornett og gitar.

Ole Gunnar Brekken
Assistent
Ole Gunnar er gift og har to barn. Det yngste barnet går i Vibå Musikkbarnehage. Ole Gunnar er lillebror til Hilde (styrer) og har jobba som assistent i Vibå i fleire år. Ole Gunnar har tidlegare gått på mekanisk linje, han har arbeida på Bil-Radio spesialisten og han har vore lastebilsjåfør.
Ole Gunnar har hovedansvar for å lage mat/lunsj og er innkjøpsjef i bhg. Alle varme retter lages fra bunnen av. Ole Gunnar speler både slagverk og gitar.

Liv Janne Grude
Pedagogisk leiar
Liv Janne kjem frå Grude i Klepp. Ho er utdanna agronom og dreiv farsgården på Grude i 10 år. Deretter omskolerte ho seg til Steinerskolelærar og arbeida på Steinerskolen i Stavanger i 22 år. Ho har vore både klasselærar og håndarbeidslærar. Liv Janne har tre voksne barn og er mormor til fire.

Malgorzata Helena (Gosia) Wiacek
Assistent og kokk
Gosia er frå Polen, men har flytta til Norge og busett seg på Klepp. Gosia har fem år ingeniørutdanning ved Landbruksuniversitetet i Polen.
Gosia sin store lidenskap for å lage sunn og god mat har gitt store og små i Vibå mange smakfulle opplevingar. Ho har eigen grønnsakshage heime, og tar med heimedyrka grønnsaker til barnehagen.